Om Tysnes Fysioterapi
Me tilbyr behandling, aktiv rehabilitering og utformer personleg tilpassa treningsprogram ut frå dine behov.
Fysioterapeut Hanna Iversen
Hanna har vikariat ved Tysnes fysioterapi frå sommaren 2026 til ut sommaren 2027. Ho er utdanna fysioterapeut ved Høgskulen i Bergen (2014) og har arbeidd som fysioterapeut i Stavanger kommune frå 2015 fram til ho flytta heim til Tysnes i 2024.
Hanna har breid erfaring med dei fleste pasientgrupper, både akutte og kroniske tilstander. Ho har kurs innan nevrodynamikk, og er difor ekstra opptatt av at det perifere nervesystemet fungerer som det skal. Dei perifere nervane er ikkje elastiske og er difor avhengige av å gli og rulle når vi beveger musklane våre. Dersom nervane ikkje beveger seg som dei skal, som t.d. etter operasjon eller skade, kan det oppstå diverse smertetilstander som elles er vanskelege å forklare.
Ho har i tillegg mykje erfaring med pasienter med skade på nervesystemet (hjerneslag) eller nevrologiske sjukdomar (Multippel sklerose, Parkinsons m.m.), samt ortopediske pasientar (protese, beinbrot m.m.).
Fysioterapeut Maria C. Haaland
(i permisjon til sommaren 2027)
Maria har drive Tysnes fysioterapi sidan august 2021. Ho er utdanna ved Høgskolen i Bergen (2016) og fullførte spesialisering i psykomotorisk fysioterapi på masternivå i 2023.
Den psykomotoriske spesialiseringa er sentral i behandling av pasientar med helseplager derspenningstilstandar, langvarige muskelskjelettproblem, traumer, eller psykiatriske og psykosomatiske lidelsar skapar ubalansar i kroppen. Maria har utover dette allsidig erfaring frå rehabilitering etter operasjonar og oppfølging knytt til hjartehelse, nevrologi og muskel- og skjelettplager.
Ho har også ulike kurs retta mot trening og behandlings-tilnærmingar, og er oppteken av at behandling og trening skal vere tilrettelagt for den enkelte. Maria er sertifisert innan Aktiv med Artrose, held jamnlege grupper og er oppteken av relevant kursing og å halde seg fagleg oppdatert.
Kva er fysioterapi?
Fysioterapeutar er autorisert helsepersonell og har eit sjølvstendig vurderings- og behandlingsansvar i. Me er underlagt Helsepersonellova, som bl.a inneber at me skal utøve fagleg forsvarleg fysioterapi.
Ved Tysnes fysioterapi jobbar me som sjølvstendig næringsdrivande med avtale med Tysnes kommune. Me behandlar eit breidt spekter av pasientar i alle aldrar frå kortvarig opptrening etter skade eller operasjon til menneske med samensette og/eller kroniske lidingar som treng oppfølging over tid.
Fysioterapeuten sitt kunnskapsfelt er kropp, bevegelse og funksjon. Det teoretiske grunnlaget for fagutøvinga erkjenner at det er mange ulike faktorar som er med på å oppretthalde helse, og som bidreg til funksjonsnedsetting, smerte og sjukdom. Fysiske og psykiske påkjenningar og belastningar kan gi kroppslege utslag og bidra til sjukdomsutvikling. Kroppslege plager forstår ein difor i lys av hendingar og opplevingar gjennom livsløpet, noverande situasjon og sosiale og kulturelle forhold. Denne forståinga dannar grunnlag for vurdering av korleis sjukdom og plager i bevegelsesapparatet kan oppstå, bli behandla og førebyggast.


