Behandlingstilbod
Ut i frå ei klinisk undersøking finn me saman ut av kva som er den beste behandlinga for deg. Det varierer mellom aktive tiltak og tilpassing av treningsøvingar, og/ eller behandling for å dempe spenningar og smerter i muskulatur og kring ledd.
Tysnes fysioterapi har eit breidt behandlingstilbod og tilbyr mellom anna:

Allmenn fysioterapi
For generelle plager i muskulatur og skjelett, nevrologiske tilstandar, hjarte/karsjukdommar, livsstilssjukdommar eller endringar, samt tilrettelegging for aktivitet og betre funksjon.

Psykomotorisk fysioterapi
Psykomotorisk fysioterapi retter seg mot bevisstgjering og endring av spenningstilstandar i kroppen, og gjev auka fortruligheit og kontakt med eigen kropp. Pust og spenningstilstanden i muskulatur endrer seg i forhold til korleis me har det med oss sjølve. Vedvarande spenningsmønster kan låse seg over tid, og gje smerter i musklar og skjelett, eller andre plager. Stress, bekymringar, konflikter, traumatiske opplevingar og livsbelastningar verkar inn på kroppen og vår kroppsopplevelse.

Aktiv med Artrose
Ein nasjonal behandlingsmodell for deg med hofte eller kneartose. AktivA® er eit strukturert utdanningsprogram for fysioterapeutar, eit informasjons- og treningsprogram for personar med kne- og/eller hofteartrose, samt eit elektronisk registreringsystem som kan synleggjerne verknaden av intervensjonen.

Trykkbølgebehandling
Ei effektiv behandling ved langvarige plager i sener og anna vev, eksempelvis
- Laterale albogesmerter (tennisalboge)
- Rotator cuff syndrom (senebetennelse skulder)
- Trokantorsyndrom ("slimposebetennelse i hofte")
- Achillestendinopati
- Plantar fasciopati

Laser
Reduserer betennelse og smerte i muskel/skjelettapparatet

