BAKGRUNN

OM OSS

KVA ER FYSIOTERAPI?

 

Tysnes Fysioterapi

Klinikken har lyse, flotte lokale ved Våge kai i Tikobygget, 3.etasje (inngang frå baksida) med utsikt over båthamna. Fysioterapiklinikken har felles inngang
og venterom med Bjørnefjorden Tannlegepraksis.

 

Det er fokus på ei aktiv tilnærming og brukarmedverknad der du som pasient er medbestemmande. Behandlingstilbodet er breidt, og ein tek i bruk ulike behandlingsmetodar som til dømes trykkbølgebehandling.

 

Fysioterapiklinikken innehar separate behandlingsrom samt eit velutstyrt treningsrom med eit godt utval av utstyr spesielt tilpassa rehabiliteringsbehov.

Du kan få utarbeidd eit personleg treningsprogram for bruk ved
klinikken eller heime.

 

Ved Tysnes fysioterapi har fysioterapeuten avtale med det offentlege (Tysnes kommune og Helfo), og dette gjev pasientane alle offentlege trygderettar knytt til behandling, frikort og transportrefusjon. Det er ikkje lengre naudsynt med henvisning for å komme til fysioterapi.

Opningstider:

  Alle dagar kl. 8.15 - 14.30 utanom onsdag.

Evt. ope etter avtale utover dette.

 

Smittevern-tiltak:

 Pasientar utan timeavtale kan ikkje  kome direkte inn på klinikken eller til felles venterom.

Ring/send SMS til 468 27 643 for timebestilling eller spørsmål.

 

Ver vennleg å lese oppslag på ytterdør og inne når du kjem til fyrste avtale,

og hugs på godt smittevern.

Kva er fysioterapi?

Fysioterapeutar er autorisert helsepersonell og har eit sjølvstendig vurderings- og behandlingsansvar i pasient-/klientsituasjonar.
Vi er underlagt Helsepersonellova, som bl.a inneber at vi skal utøve
fagleg forsvarleg fysioterapi.

 

 

Fysioterapeutar kan arbeide som sjølvstendig næringsdrivande med
eller utan avtale med kommunene. Vi behandlar eit breidt spekter av pasientar i alle aldrar frå kortvarig opptrening etter skade eller operasjon til menneske med samensette og/eller kroniske lidingar som treng oppfylgjing over lang tid.

 

Fysioterapeuten sitt kunnskapsfelt er kropp, bevegelse og funksjon.
Det teoretiske grunnlaget for fagutøvinga er forankra i naturvitskapleg, samfunnsvitskapleg og humanistisk kunnskap og ei erkjenning av at det er mange ulike faktorar som er med på å oppretthalde helse, og som bidreg til funksjonsnedsetting, smerte og sjukdom. Fysiske og psykiske påkjenningar og belastningar kan gi kroppslege utslag og bidra til sjukdomsutvikling. Kroppslege plager forstår ein derfor i lys av hendingar og opplevingar gjennom livsløpet, noverande situasjon og sosiale og kulturelle forhold. Denne forståinga dannar grunnlag for vurdering av korleis sjukdom og plager i bevegelsesapparatet kan oppstå, behandlast og førebyggjast.

Bakgrunn

MARIA CECILIE HAALAND, fysioterapeut

Bachelor i fysioterapi ved Høgskolen i Bergen (2016). Held no på med master i klinisk fysioterapi/ psykomotorisk fysioterapi ved Høgskulen

på Vestlandet.

Den psykomotoriske spesialiseringa er sentral

 

i behandling av pasientar

med helseproblem der spenningstilstandar, langvarige muskelskjelettproblem, traumer, eller psykiatriske og psykosomatiske lidelsar kan henge saman.

Maria har elles allsidig erfaring frå
kommunehelsetenesta og særleg

rehabilitering ved nevrologiske sjukdommar og plager knytt til muskel- og skjelettsystemet. Ho har også ulike kurs retta mot trening og behandlingstilnærmingar, og er oppteken av at behandlinga skal tilretteleggast for den enkelte.

 

 

 

Tikobygget, Teiglandsvegen 3 Ope: Alle dagar kl. 8.15 - 14.30 utanom onsdag

 © Marita Bakke  Foto: Camilla Korsnes Foto