Kva er fysioterapi?

Fysioterapeutar er autorisert helsepersonell og har eit sjølvstendig vurderings- og behandlingsansvar i pasient-/klientsituasjonar.
Vi er underlagt Helsepersonellova, som bl.a inneber at vi skal utøve
fagleg forsvarleg fysioterapi.

 

 

Fysioterapeutar kan arbeide som sjølvstendig næringsdrivande med
eller utan avtale med kommunene. Vi behandlar eit breidt spekter av pasientar i alle aldrar frå kortvarig opptrening etter skade eller operasjon til menneske med samensette og/eller kroniske lidingar som treng oppfylgjing over lang tid.

 

Fysioterapeuten sitt kunnskapsfelt er kropp, bevegelse og funksjon.
Det teoretiske grunnlaget for fagutøvinga er forankra i naturvitenskapleg, samfunnsvitskapleg og humanistisk kunnskap og ei erkjenning av at det er mange ulike faktorar som er med på å oppretthalde helse, og som bidreg til funksjonsnedsetting, smerte og sjukdom. Fysiske og psykiske påkjenningar og belastningar kan gi kroppslege utslag og bidra til sjukdomsutvikling. Kroppslege plager forstår ein derfor i lys av hendingar og opplevingar gjennom livsløpet, noverande situasjon og sosiale og kulturelle forhold. Denne forståinga dannar grunnlag for vurdering av korleis sjukdom og plager i bevegelsesapparatet kan oppstå, behandlast og førebyggjast.

Tysnes Fysioterapi

Klinikken har lyse og hyggelege lokale ved Våge kai i Tikobygget,
3.etasje (inngang frå baksida) med herleg utsikt over båthamna. Fysioterapiklinikken har felles inngang og venterom med
Bjørnefjorden Tannlegepraksis.

 

Behandlingstilbodet er breidt, og ein tek i bruk nyare, anerkjente behandlingsmetodar som til dømes trykkbølgebehandling.
Elles brukast blant anna vekselstraum og laser.

 

Fysioterapi-klinikken innehar to separate behandlingsrom for
individuell behandling samt eit velutstyrt treningsrom med eit
godt utval av utstyr spesielt tilpassa rehabiliteringsbehov,
som fleire toppmoderne HUR treningsapparat.

 

Pasienten kan få utarbeidd eit personleg treningsprogram for bruk ved klinikken eller heime. Fysioterapeuten ved klinikken er sertifisert Fysio-Pilates-instruktør, og bruker blant anna Pilates-øvingar i slike program.

 

Du kan få time utan henvisning frå lege dersom du i fyrste omgang berre ynskjer å få ei vurdering / bli undersøkt. Det er også høve til å trene her utan å vere henvist av lege. Kanskje har du lyst til å slå fylgje med ektefellen eller sambuaren din når han/ho skal til behandling?

 

Ved Tysnes fysioterapi har fysioterapeuten avtale med det offentlege (Tysnes kommune og Helfo), og dette gir pasientane alle offentlege trygderettar knytt til behandling, frikort eigenandelstak 2 og tran-sportrefusjon. Då må det føreliggje henvisning (frå lege, jordmor
eller kiropraktor).

 

Bakgrunn

INGUNN LANGLO, FYSIOTERAPEUT

Bachelor i Ernærings-fysiologi ved Universitetet
i Oslo (1977).

Bachelor i fysioterapi ved Høgskolen i Oslo (1980).

Ulike etter- og vidare-utdanningsurs, blant anna
i motorisk utvikling og

kommunale fysioterapi-

tenester, og Fysio-Pilates-kurs med sertifisering som Fysio-Pilates-instruktør. Har tidlegare jobba som fysioterapeut
ved Kysthospitalet i Hagevik
og Ålesund Sykehus, som kommunefysioterapeut
i Tysnes kommune (skule-helseteneste, helsestasjon,

heimebehandling, Tysnes Sjukeheim) og har drive
med terapiriding.

 

Sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut sidan 2003.

Bestill time

I samband med f. eks. eit treningsopplegg er det ofte aktuelt med kosthaldsvegleiing, noko mine pasientar kan få utan ekstra kostnad.

 

Legg inn namn og e-postadresse så tek eg kontakt for nærare timeavtale. Alternativt kan du ringje eller sende SMS til: 468 27 643

Submitting Form...

The server encountered an error.

Form received.

 

Tikobygget, Teiglandsvegen 3

 Ope: alle kvard. 8.15 - 16.00 (kveld etter avtale)

 

 © Bladet Tysnes AS  Foto: Camilla Korsnes Foto